interiorarkitektane.no

interiørarkitektur · design


Trico Supply ASA, Fosnavåg
Arkitekt: Sporstøl arkitekter AS, Ulstreinvik
Byggherre: Trico Supply ASA
Ferdigstilling : 2003
Nybygg. Møbleringsplanar, farge, materialval, spesialdesign.



Sjå fleire foto


PROSJEKTBESKRIVELSE

Int.ark. blei i første omgong kontakta av arkitekt/byggherre for å lage eit material-og fargeforslag innvendig i bygget. Seinare blei det jobba fram møbleringsplanar med møbelforslag, samt gjort mindre endringar på romplanane der dette var muleg så langt ute i prosjekteringa.
Alle løysingar som blei valgt, var heile tida ein dialog mellom int.ark. og byggherre der byggherre deltok aktivt på alle punkt før godkjenning. Alle kontor, møterom og fellesareal som kantine og skrankeområde har fått ein forholdsvis høg standard der til og med personaltoalett blei påkosta på utforming for å nå målsetjinga om gjennomført kvalitet og trivsel.
Bygget består i stor grad av standard cellekontor, men med eit stort kontor for adm.dir., samt eit større areal som fungerar som landskap med 6 arb.plassar. Dette arealet er skilt frå resepsjonsområdet med ein glasvegg, slik at dagslyset kan nå inn til resepsjonsområdet og samtidig gi visuell kontakt mellom desse to sonene. Bygget inneheld i tillegg trimrom, arkiv/lager, kopirom m.m., samt møterom og kantine. Desse føringane var lagt på førehand og var retningsgivande for planløysingane. Rederiverksemd til trass - byggherre yngste ingen typisk tung og konservativ maritim stil over interiøret. Kvalitet, trivsel og modernitet var stikkord gitt før arbeidet med interiøret starta opp. Lokala har fått ein gjennomgåande lys fargetone, med lyse veggar/tak, samt lys lønn på golv i resepsjon, kantine og direktørkontor. Kontora forøvreg har golv i linoleum i ein varm brunoransje farge som hentar opp fargen og tyngda frå mahognyen brukt på kontordører, skranke og enkelte andre små detaljar i skrankeområdet. (Teak som opprinneleg var tenkt og er meir assosiert med båt, viste seg å vere vanskeleg å framskaffe). For å gi meir innslag av farge til lokala, er enkelte veggfelt framheva med kraftigare fargebruk der referansar til det maritime er fletta inn ved bruk av fargetonar som kan assosierast med hav/himmel (blått/turkis).
Fleire assosiasjonar til det maritime: og utan å ha vore ombord på ein einaste fiskebåt, men ein innbillt ide om korleis ei ”innrøykt brun kantine” ombord ser ut, gjorde int. ark det til ein gimmick å skape ei brun kantine også på land, men i ei forhåpentlegvis meir raffinert utgåve…. På ulike stadar i bygget finn ein også modellar av eit utvalg båtar som rederiet har produsert, plassert i glasmonter for å synleggjere litt av verksemda.
Kontormøblane er i mørkgrå laminat med lysgrå bodplate, med kontorstol i knalloransje ryggpute som einaste fargeinnslag.
Skranken er spesialdesigna av int.ark. for dette bygget.