interiorarkitektane.no

interiørarkitektur · design


I Saksa AS, Volda
Byggherre: I SAKSA AS v/ Gunn Skår
Ferdigstilling: 2004
Frisørsalong. Planløysing, farge-/materialkart, speialdesign, logo/profil



Sjå fleire foto

PROSJEKTBESKRIVELSE

Ombygging frå blomsterbutikk til frisørsalong

Ein jungel av ein blomsterbutikk såg ved første augekast ut til å vere eit håplaust utgangspunkt til å kunne bli eit eigna lokale for ein moderande og innbydande frisørsalong. Men sentral plassering med m.a. gode parkeringstilhøve, tilgjengelegheit og lokaler godt synleg i gatebilete, gjorde at oppdragsgivar såg potensiale då blomsterbutikken flytta ut. Frå å vere fast ansatt frisør, tok toppdragsgivar og frisørkollega steget ut og starta eigen salong. Retningsgivande for int.ark. då arbeidet starta opp var å lage ein salong som innanfor eit stramt budsjett skulle signalisere modernitet, men utan å bli for “hip”. Interiøret skulle apellere til ei kundegruppe i alle aldrar - alt frå lokale,pensjonerte damer, til meir urbane unge studentar som flyttar til Volda frå heile landet. Med rundt 3000 studentar buande i Volda, var dette sjølvsagt ei viktig kundegruppe å rette seg mot for den nystarta salongen.
Eit litt kronglete lokale blei delt inn i tre store arbeidsstasjonar med plass til 2-3 stolar på kvar, og med store speilfelt som utvidar romfølelsen inne, samtidig som uterommet med sjø,båthavn og folkeliv i sentrum kan hentast inn og betraktast frå frisørstolen. Ein av arbeidsstasjonane ligg litt tilbaketrekkt og noko skjerma frå resten av lokalet og er forbeholdt menn, noko som var eit ynskje frå oppdragsgivar. I tillegg til vanleg frisering blir det her også tilbudt profesjonell barbering.
Salgsavd. for hårprodukt ligg godt eksponert nær inngang/ venteareal og er byggd opp med enkle Ikea hyller montert rett på eksisterande panelvegg der det malte panelet gir ei lun kontrast til lokalets resterande glatte veggflater.

I ventearealet kan ein kan nyte nytrakta kaffi eller espresso saman med dagens avis. For å understreke litt kaffibar følelsen er delar av ventearealet møblert med barkrakkar/ståbord langs vindu ut mot gata.